Monday, December 11, 2006

Gamalt gull

Eg rydda på rommet her om dagen. Då fann eg mykje rot, støv og døde insekt. Midt mellom alt rotet fann eg òg noko gamalt gull

Eg fann blandt anna CDen min med Jonny Jakobsen. For dykk mindre opplyste er dette mannen med pseudonymene Dr.MacDoo, Carlito og, ikkje minst, Dr.Bombay. Det varte ikkje lenge før det rista i rommet mitt etter kjente rytmer som Calcutta, SOS og Elefant race.


x+x+xredx+x+x

Thursday, December 07, 2006

7. desember post

I dag er det 7. desember, som betyr at det er 8. i morgon. Då får eg løn. Eg gledar meg voldsomt.

I går skreiv eg ein long post. Eg håpar at eg skal klare å skriva litt meir regelmessig frå og med no. Dersom eg gløymar å skrive er det berre å purre pr mail.

|-|-|-|red|-|-|-|

Wednesday, December 06, 2006

Desemberoppdatering

Eg sat nett og gjorde lekser og trengte eit avbrekk. Då logga eg på internett. Og så slo det meg at eg ikkje hadde oppdatert bloggen min på nokre månadar.

Eg veit ikkje kor mykje interessant det har skjedd sidan då. For å vera heilt ærleg trur eg ikkje det har skjedd noko som helst. Joda, eg bare tullar med deg. Det har skjedd mykje sidan den tid. I memokronologisk rekkefølgje:

Eg har endeleg fullført grunntreninga som leiar i Noregs speidarforbund. Då har eg altså gjennomgått dei tre modulane; sikkerheitskurset, programkurset og ledarkurset, eller trening1, 2 og 3, som det var før, når ungdomen reiste seg for dei eldre, og jorda var flat. Allereie før eg var ferdig med ledarkurset, fekk eg ein telefon frå ei dame som ville ha meg med som veiledar på programkurset. Dette var kjempespanande og eg lerte minst like mykje som sist eg var med, bare at då var eg deltakar.

Gunda, mopeden min, står dessverre for tida. Det er noko som er gale med girsystemet hennar. Eg slit litt med å få tak i delar, men eg tenkte at eg skulle sjå på det i romjula. Problemet er at ho ikkje vil halde seg i dei gira eg sett ho i. Nok om det.

Det har vore mykje skolearbeid i det siste óg. Men eg følar det går betre no, som det nærmar seg juleferien. Eg trur, for fyrste gongen i år, at eg er foran matematikken. Dette gjer at eg er meir optimistisk enn på lenge.

Eg var på landeveiskjøring no på tysdag, og skal på ein til på fredag. Det er det siste obligatoriske punktet før oppkjøring. Eg ser fram til å få sertifikatet. Det blir fint.

Det har vore fint å få skrive igjen. Eg håpar det ikkje blir så lenge til neste gongen eg får tid og høve. Og som før sett eg alltid pris på kommentarar. Tidlegare kommentatorar har vore bla. H.M.K.Harald og Kåre Willoch.

x+x+x+xredx+x+x+x+x