Thursday, January 04, 2007

Ting

Eg vil ikkje sei det har vore nokre revolusjonerande fire dagar i det nye året. Ikkje det at det ikkje har skjedd noko, for det har det i aller høgaste grad, bare ikkje noko stort.

Fyrste januar kjørte Yvonne, Ivar, Erik og eg heim frå Karmøy, kor me feira inngangen i det nye året. Dette blei feira med eit 25-skot batteri, til stor glede, og litt forskrekking, for oss tilskodarar. Me var så heldige å få låne Volvoen til pappa, så turen heimover gjekk som ein draum. Dersom du lurar; ja, eg fekk lappen før jul, og har kost meg med den i jula.

Så har me vore to dagar på skolen. Dette resulterte i at eg no sit og gruar meg til matematikkprøve som er no på måndag. Elles er det ikkje mykje som har skjedd sida nyttår. No haldt eg på å gløyme det skreiv denne posten for å seie; Godt Nyttår!

-+-+-+-+-+red+-+-+-+-+-